Sidesprang:

FAST SPALTIST: Tom Arne Møllerbråten er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Gje meg heller ein kjedeleg statsmini­s­ter, blå eller raud, enn ein som knapt opnar munnen utan å lyge

Eg er fullstendig bergteken av amerikansk politikk. Å følgje med på kva Trump seier og gjer kvar einaste dag er ganske avhengigheitsskapande.

Skarpe journalistar og bloggarar avslører kontinuerleg Trump og MAGA-rørsla sine løgner og feil, og det er på ein rar måte tilfredsstillande å følgje med på. Fasinerande og skremmande.

Norsk politikk er til samanlikning ganske så tam og kjedeleg, men nå er i alle fall valkampen i gang.

Jonas, Erna, Sylvi og resten av gjengen vil fylle alle kanalar framover, og lokalt vil me møte politikarar i sterke, klare fargar både titt og ofte. Det er litt sirkus.

Stort sett vil politikarane seie det dei pleier å seie, men det er lov å håpe at nokon overraskar oss.

Fast spaltist: Tom Arne Møllerbråten

Tom Arne Møllerbråten kjem frå Magnor i Eidskog kommune og har vakse opp eit steinkast frå Sverige. 

Etter ein del år i Oslo, flytta han med kone og tre døtrer til Gvarv i 2000. 

Han jobbar som lærar på Sagavoll folkehøgskule, men er også redaktør for Steg - tidsskrift for kristen folkehøgskule. 

Han elskar Midt-Telemark, les mykje, spelar gjerne bass, skriv stadig, held ein del talar og foredrag. Er oppteken av teologi, filosofi, historie, litteratur og psykologi, men smiler av mykje.

Men tenk på dette: Ingen i Noreg snakkar om valfusk når dei taper eit val. Og ingen statsminister kan klamre seg til makta viss me, du og eg, ikkje gir hen tillit igjen. 

Ingen partileiar eller politikar kan rekne seg sjølv unntatt frå lova. I Noreg kan sjølv statsministeren bli dømd for overtredingar.

Og me held fram: 

Alle har lov å meine, seie og gi uttrykk for sine meiningar. Ingen journalistar eller universitetstilsette mister jobben fordi dei er usamde med regjeringa. Det er til og med lov å praktisere ulik religiøs tru.

Demokratiet - slik me praktiserer det i Noreg - er kanskje noko av det vakraste ved dette landet, nesten på høgd med naturen vår. 

Demokratiet har sine opplagde svakheiter. Det er ikkje perfekt, men det er det beste av alle dårlege måtar å styre eit land på, for å sitere ein kjend engelskmann.

Det er mykje tillit i samfunnet vårt. Den verdien kan nesten ikkje setjast høgt nok.

Den opplagde trusselen mot demokratiet er viss folket ikkje føler seg høyrt og respektert av dei som styrer. 

Særleg viss majoriteten overkøyrer minoritetane, er det ein opplagd veg mot mistillit. Farleg!

Me skal fylle Stortinget med fargar til hausten, og me bestemmer sjølve kva fargar som skal med. Me blir høyrt. Er ikkje det vakkert?

Uansett, gje meg heller ein kjedeleg statsminister, blå eller raud, enn ein som knapt opnar munnen utan å lyge.

Powered by Labrador CMS