FESTMIDDAG: 50 år må feirast, og da blir sjølvsagt dei som har bidratt invitert.

Feira seg sjølv på veg mot hundre

Eit lag som legg til rette for både små og store har stort jubileum i år.

Publisert

Eit lag som legg igjen store verdiar i bygda for kvarmansen, har nyleg hatt fest. 

26. mars var det 50-årsjubileum for Bø Turlag, som baud inn til festmiddag for tidlegare styremedlemmar, dugnadsfolk og gjester.

HISTORIE: Halvor Gåra tok gjestene med på ei reise i turlaget si historie.

Mimring, song og historie

– Det var 55 til bords, deriblant tre personar som var med i det aller første styret frå 1976. Ein flott kveld med god mat og mimring blei det, fortel dagens leiar i turlaget, Åse Egeland.

Ho legg til at det det blei song til Bø Turlag frå Jon Solberg, «Din tur». I tillegg presenterte Halvor Gåra historien til laget.

Øystein Dalland baud dessutan på ein prolog om turlaget på festen. Den kan du lese her: 

PROLOG: Øystein Dalland bidro med prolog på festen.

TURLAG TIL HUNDRE

Eg i slett lune, kjære Bø-natur -

eg som har Ding-dong kyrkja og Valegjuvs-urd

Ånto-bamsen og skogfiol,

og badevass-skåla ved Gygrestol!

Nei, du fekk meg ikkje eingong

på villstrå, utan din følgjefugl, finken

som tirilla meg, langt inn i dine skogar

med sin song ved kveldsbål-logar

.

ja følgde meg og ein av to Arne

ein gong, frå tre til tre Gata ned

til bygde-banken

i glede over deg, for spurnad om lånesedlar

for å nå deg som ein annan falsk natur-betlar?

.

At vi torde! U-tur-laget? Kaupe brølande beltetroll

som bru til deg, natur...Berre spørje banken, ikkje deg?

Finken sang noko der ute for sjølve seg.

Vi kunne ikkje høyre, heilt...

tenkte berre på scooteren vi skulle køyre, beint....

.

Dei brakte sedlar på bane, i banken i Gata

med tenksame Skien-brillur: -Med garanti?

-Me har ein sti, sa vi...

"Hva du sier, - garanti - og det i en sti?”

- Og jernbanesviller i fleng frå Volleng,

til klopp over bekken, tvert”

“Hva tror dere DE er verdt?

Jeg tror lell dere har et poeng,

med scooter, dere har tur i dag, og vi har tall i fleng,

-dette får vi til i lag, vi fra Skien og fra Bø,"

sa Isaksen

.

Løype nå!

Jamvel for dei straukne spår

i deg, du snønatur, ikkje er du sett i bur

- av ein stålkjelk bak ein nykaupa dundrande glad doning

Og eit par år etter; ein scooter-kloning

.

for barnespor til Vihus frå hotellet; ja like til Myklestul-hellet

klister, blåswix, elle melle...

"Til laget for Tur og for idrettslaget" skreiv Bank Isaksen,

og blei med like opp i snøbaksen

gjennom dogga brillur og bån i Breisåsbakkane

med dei nyttårs-nykøyrde spora, og tips i frå Brukås-orda :

.

"Dei må merkast, heile vegen, du veit", visste Gunleiv,

og ikkje berre blått, eller var det raudt, i alle vegvalskryss

DET blei for snautt;

nei, tre-brente skilt med brun bokstav: "Griseryggen",

"Staurheim", "Midlingløypa" opp, - frå hin gamle doktoren,

som gjekk føreut, før sjølv traktoren,

då hesten sa stopp.

Legen vokta Breisås åleine, lenge før konn andre, seine.

"Dødsløypa" rett opp - eller ned utan stopp, frå Åsen til Kåsin

torde me ikkje, det gjorde berre “Johs. Råskinn”!

.

Sette då likevel skilt opp og rydda,

jamvel om tanke på nedtur blei spydd av

på hengebratt opptur i skumring ein blei noko brydd av...

Og ikkje kunne vel krevjast doktor ute fast på rast

med spjelk og kjelk for meg hell du, kast i kast!

.

-Ja dei sit alt på heimen, skiltbrennarane,

flinke med hendene, sa Gunleiv, frå Lifjell rennande

-Dei er budde med brennspiss

til tre-riss,

og leikar seg jamvel med rosur til,

- lat dei få lov, ver nå så snill.

.

Blei no mest snørosur attmed? Nei sjå,

skilta og Heimen har vore å lite på,

både skilta og dei ikkje avskilta gamle.

Sett til nå, av dei store og små

først i dei tretti - og så tjuge år til med dei nye belegga...

Sett av generasjonane - dei uavskilta eldre,

så vene med snø-fjonane...Sa takksame barneforeldre...

.

Vegum var jobb-utdelar, dele-mann som han var,

retteleg ein diplomatisk jordskifte-kar:

"Eg tek Ånto-lia i april, å merke, til eg er gul og blå", sa han;

-der er fylkes-blomen,

“den gule systera”, då;

eg er litt, den fule, og, men skal late ho stå”

.

-Så tek dekkan resten, og rydder, ikkje sant;

du og du der; - i Breisås sør, - og

du og du der -til Lifjell si dør, di lekse:

-Opp til Glekse,

veit du, og innover, så langt du orkar,

så legg du deg berre i lyngen og snorkar

.

til du er kvilen og finn stein

og kan hende ei bjørkegrein

til ein varde for vegen eller løypa

eller; - kall det kva du vil,

men hugs, det høyrer skilt til,

og handhelsing på dei møtande frå Seljord der ved Blomtjønna,4

dei merkjer retning i mot kånn, solar seg i fønna,

ventar på eit møte og kaffe med fløte, det er lønna...

.

Ja slik blei det treff, inne og ute i alle år,

og jamvel med nye Apple på it-skjerm famlande,

for laget, samlande:

Dei bretta opp erme, Arne H og Bjørn S med kåner,

"frå bank og feriepengar vi låner";

vil ha tippemidlar og o-kart over alle blåner:

-Kvar er O-laget i stafett med kånn;

plassejakt og kart nummer ti,

og kvar var Skarphedin med pasninga si?

Jau, dei ga lysløype med fart i!

Turlaget, det gamle i 76 - var Tordenskiold sitt,

men ikkje heilt få soldatar,

- dei flaug mellom same stubbane,

ja sit no framleis her og semje-pratar,

litt på tvers av kubbane

- og klubbane!

.

Og så går åra,

for både kånn og dei på Gåra

Vi har ny "Compeed" til tur-gnagsåra,

stokk i handa

og augnar himmelranda

.

Men enno kryssar me skog og eng i Bø,

og tyr inn attmed ei høylø om det trengst

Me burde innsjå det, for lengst:

me kan få dei 50 år til, så det er ikkje fåfengt!

.

Gratulerer med dei fyrste 50, Bø Turlag

Powered by Labrador CMS