Sidesprang:

– Eg hatar ikkje burger frå McDonald's, men det er ikkje den som gjer at eg trivst
Før sommaren deltok eg på sommar-kickoff i regi av Sentrumsringen og Visit Bø på nye Bø Hotell.
I tillegg til presentasjonar og sommarfest for medlemsbedriftene, heldt føredragshaldar Arnt Sæther, også kjent som «Happiator», eit innlegg om glede.
Han sa noko sånt som at: «alt vi gjer, gjer vi for å oppnå glede». Og at staden vi bur på, bur vi på fordi vi meiner vi har størst moglegheit til å oppnå dette nettopp her.
Så kva slags stad ønskjer vi at Midt-Telemark skal vere, for at vi med størst mogleg sannsyn skal kjenne glede her?
Mange faktorar spelar inn, sjølvsagt. At du har gode relasjonar, trivst i jobb eller skule, har ein god plass å bu, og så vidare.
Men elles, kva skapar eit godt bumiljø? Kva slags faktorar gjer ein stad god å leve på?
For mange er natur viktig, grøne lunger for mosjon og rekreasjon. Nokon vil seie gode oppvekstvilkår. Eit blomstrande næringsliv. For andre: opplevingar, sosiale møteplassar og eit koseleg sentrum.
Vi er heldige (og flinke) her i Midt-Telemark. Vi har vekst. Det er sjeldan for ein norsk mellomstor kommune, dei fleste opplever fråflytting og jobbar hardt for å bremse og utsetje han.
Men korleis kan vi forvalte veksten slik at vi som bur her framleis opplever glede? At innbyggjarane vil bli, og at fleire får lyst til å flytte hit?
Korleis tek vi vare på det vi har, og legg til rette for at barna våre ønskjer å bli her eller flytte tilbake?
Eg hatar ikkje ein burger frå McDonalds. Dei har god milkshake òg. Men om eg skulle beskrive heimstaden min, og kva som gjer at eg trivst her, så hadde vårt nye fastfood-tilskot hamna eit godt stykke ned på lista.
Eg ville heller løfta fram stadene her som blir drivne av folk med hjarte, sjel og driv. Og som har eit kjøken med ekte kokkar.
Estetikk er heller ikkje berre pynt, det handlar om psykologi, identitet og tilhøyrsle.