– Det kule vinn over det smarte
Grøn omstilling er ein utopi utan balanse mellom kraftnettet og fjernvarmen. Straummarknaden og varmemarknaden må i større grad utfylle kvarandre. Det er heilt opplagt kva som kan varmast opp av eit rørnett i bakken og kva som treng elektrisk kraft for å fungere.
Fjernvarmen kan i løpet av eit par år avlaste kraftnettet med 15 TWh dersom det finst politisk vilje. Det er like mykje elektrisk kraft som landvindsatsinga vil generere. Bygningsmassen i sentrale strøk treng ikkje kraft til oppvarming. Likevel er det der straumsluket er størst, midtvinters.
Fjernvarme er det smarte her. Altså innanfor energisatsinga i eit land som Noreg. Der det er både mørkt og kaldt og der interessene for natur dominerer over alle andre interesser.
Me treng meir konfliktfri energi. Energi som kommunane sjølv kan ønskje velkomen og som ikkje skjemmer nokon. Me treng fornybar energi som leverer uansett ver og vind og som ikkje gjer inngrep i areal og dyreliv. Me treng òg energisatsingar som kan kome på plass raskt og som ikkje tappar statskassa for midlar; utnytting av overskotsvarme som fjernvarme.
Vassboren varme til oppvarming av bygningsmassen er den energien me kan få på plass raskast og billigast. Fjernvarmenettet er allereie godt etablert under oss. Det er bygga over bakken som ikkje er skrudd saman til å ta i bruk energien. I Sverige og Danmark er dette eit utenkjeleg scenario. 80 til 90 prosent av bygningsmassen i Stockholm og København vert varma opp av fjernvarme.
Hadde regjeringa spytta inn ein promille av det som vert brukt på anna, usikker og uforståeleg dyr energisatsing, til å utnytte varmen, så hadde me vore i mål med grøn omstilling i god tid før 2030.
Bransjen har fyrst og fremst trygla om konkurransedyktige rammevilkår. Men dei som ikkje får milliardsubsidiar, dei skal skatte- og avgiftskvelast. Statsbudsjettet for 2025 er eit godt bevis på det. Eg trur ønsket og viljen til fornybare energisatsingar er av interesse for den jamne skattebetalar. Men alle likar å få igjen noko for det dei betalar for.
Solceller er fint for dei som vil ha det på einebustader, men dette er eksportkraft som produserer mest når me treng det som minst. Batteri skaper usikkerheit rundt effekt og det andre er anten problematisk dyrt eller skaper konflikt. Og gjerne begge delar.
Det ville vore smart å gi fjernvarmeleverandørane rammevilkår som gjer investeringane gunstige. Det burde eksistert insentiv for industri og næring som er villige til å investere i og utnytte overskotsvarmen. Forsyner du nærområdet med varme, så bør du stille først i køen for tilgangen til kraftnettet. Energimerkeordninga må vere innretta slik at den gir grøne lån til dei som bruker fjernvarme til oppvarming. Avgiftene på avfallsforbrenningsanlegg, som tek seg av søppel og leverer lokal energi, burde vore fjerna. Straumstøtta til fjernvarmekundane burde vore ein del av straumstøtteordninga og ikkje ei avgift på om lag 3 mrd som fjernvarmeselskapa må ta sjølv.
Energisatsinga er avhengig av at det er fleire vaksne heime. Ikkje berre i energidepartementet, men både i finansdepartementet, klimadepartementet og kommunaldepartementet. I tillegg trengst det ei smart og streng styring frå Stortinget. Kanskje burde overskotsvarme og fjernvarme gjort seg kulare, meir synleg. Skapt konflikt. Men det er synd at dei smartaste og usynlege satsingane som kommunane, miljøvernarane og innbyggjarane ønskjer velkomen ikkje har vore ein del av energisatsinga dei siste åra. Det ville vore smart. I staden har det vore det nyaste, mest innovative og usikre som har vunne over det etablerte og velfungerande. Heldigvis er det ikkje for seint å la fjernvarmen avlaste kraftnettet med 15 Twh.