MEINING:
– Det gjeld å tenkje smått
Du les no eit meiningsinnlegg som uttrykker innsendaren si meining.
Skal vi få fleire til å engasjere seg i det frivillige kan vi ikkje tenkje stort.
Nesten kvar tredje telemarking er kvar veke med på ein organisert aktivitet eller på frivillig arbeid. Kvinner i 70-åra er dei aller mest aktive.
Meiningsfulle aktivitetar saman med andre er ein del av ABC-prinsippa for god psykisk helse. Det kostar lite, men har stor verdi. Både for enkeltmennesket og samfunnet samla sett.
Denne helga er ei helg i det frivilliges teikn. Det er loppemarknad i Porsgrunn, overnattingstur for barn i Bamble, fotballcup på Gulset, men først og fremst er det det vakraste eventyret i haust Dyrsku’n.
Det tradisjonsrike arrangementet er heilt avhengig av innsatsen frå lag og foreiningar som stiller opp på dugnad. Samtidig finansierer desse dagane aktivitetar som klubbane nyt godt av store delar av året.
Under Dyrsku’n blir ogs frivilligdialogen arrangert. Her møtest frivilligheita, kommunane og fylkeskommunen for å snakke om korleis vi kan styrkje frivillig arbeid i Telemark.
Litt betyr mykje
Når vi snakkar om frivilligheit og folkehelse, er det lett å tenkje på store prosjekt. I sosiale medium får gjerne dei lengste turane og dei høgaste toppane mest merksemd. Men det er ikkje nødvendigvis her vi har mest å hente.
62 prosent seier at dei aldri deltek i ein organisert aktivitet eller gjer frivillig arbeid. Skal vi nå dei, må vi skifte fokus. Det er betre at alle gjer litt, enn at nokre få gjer mykje.
Det viktigaste er at den som sjeldan kjem seg ut, tek ein kort tur. Den som manglar nokon å vere saman med, treng ein møteplass og ein arena der dei kan treffe andre.
Eg snakkar ofte om kor viktig det er at Telemark tenkjer stort – om industri, næringsliv og samferdsel. På dette området er det motsett: Vi må hugse å tenkje smått.
Vi treng aktivitetar i nærmiljøet, der folk bur. Vi treng møteplassar og tilbod som det er lett å bli med på.
Løyver pengar
I omfang og storleik er det ingen ting som famnar breiare enn idretten. Dei fleste telemarkingar har eit forhold til idrettsrørsla, anten gjennom eigen aktivitet eller ved å engasjere seg i fotballkampen til barnebarna.
Skal Telemark fylkeskommune lykkast i arbeidet vårt må vi derfor samarbeide med idretten. Eg oppfattar at vi har god dialog. At vi deler felles mål og samarbeider godt. Og at dei 2,5 millionane vi i Telemark gir i fast årleg tilskot gjer ein forskjell.
I tillegg løyver Telemark fylkeskommune fire millionar kroner gjennom samarbeidsavtalar med det frivillige innan kultur, folkehelse og friluftsliv.
Det blir gjort eit enormt stort og viktig arbeid innanfor ei stor breidd av frivilligheit. Vi er glade for å kunne støtte mykje av dette arbeidet med føreseielege driftsmiddel.
Meistring og fellesskap
For idrett og kulturliv har breiare samfunnsoppdrag enn kvalitative resultat. Meistring og inkludering er eit viktigare mål enn talet på OL-gull og hitliste-plasseringar.
Her skal det vere plass til alle, her skal menneske møtast på tvers av alle forskjellar. Vi treng desse arenaene for å demme opp mot polariseringa i samfunnet og ekkokammera vi lever i på sosiale medium.
Takk til alle frivillige som bidreg i lokalmiljøa sine! De gjer Telemark betre.
Og hugs, det finst knapt ei nedre grense for kva som kan vere eit godt tiltak for betre folkehelse.