MEINING:

MEINING: Kristian Hanto.

– Det er ikkje tull: Det frivillige kulturlivet slik me kjenner det vil langt på veg bli rasert

Du les nå eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert Sist oppdatert

Til dykk som har omsut for folkemusikken og demokratisk finansiering av kulturlivet, blir oppmodinga frå meg som leiar i FolkOrg denne: Tenk nøye igjennom kva regjeringsalternativ de røystar på i år!

Endå ein partileiardebatt er unnagjort. Kulturpolitikken med neste regjering var heller ikkje denne gongen funne viktig nok til å bli tema.

Ein viktig del av den identitetsskapande frivillige kulturaktiviteten er arbeidsområdet til FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans. 

Ein relativt liten organisasjon, men med ansvar for store og viktige tilskipingar som Landskappleiken, Landsfestivalen for gammaldansmusikk og bransjetreffet Folkelarm ‒ og eit hovudansvar for bruk og vidareføring av folkemusikk og folkedans her i landet. 

Som for kulturlivet elles, vil eit regjeringsskifte til den blå sida seia drastiske kutt også for folkemusikksektoren, ut frå det dei to dominerande konservative partia sjølve har lagt inn i sine alternative budsjett.

I det alternative budsjettet for 2025 ville Høgre kutte i løyvingane til Norsk Kulturfond med 174 mill. kr. Frp ville her kutte 500 mill.! 

Dette er den institusjonen som årleg fordeler midlar til visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturvern og tidsskrift og kritikk, i tillegg til tverrgåande ordningar. 

Dei fleste andre områda i budsjettet ville fått svi frå dei to partia på liknande måte, og musikk- og sceneinstitusjonane ville fått 15 mill. i kutt frå Høgre, der Frp ville fleske til med kutt på 500 mill. 

Frp hadde ei samla kuttliste på kultur på 5,7 milliardar kr (FEM KOMMA SJU MILLIARDAR), medan veslesyster Høgre hamna på ei sluttliste på 362 millionar – nesten moderat i samanlikning. 

Med eit dominerande Frp i ei eventuell borgarleg regjering er det denne gongen ikkje tull: Det frivillige kulturlivet slik me kjenner det vil langt på veg bli rasert. Unnataket vil vera kommersielt lønsame prosjekt. 

Dei større og tunge institusjonane skulle ein tru var meir skjerma. Men både Høgre og Frp har sagt at dei vil innføre ABE-kutt att, Høgre med 0,5 % årleg, Frp med 1 %. 

Dette er eit blindt ostehøvel-prinsipp for å redusere statleg pengebruk, og var gjeldande under Solberg-regjeringa frå 2015 til 2022, til det blei avskaffa av Støre-regjeringa. Store institusjonar slit enno med etterverknadene.

Kutt i støtte til organisasjonar og kompetansesenter på 150 mill. kr. vil kunne råke driftsstøtta til FolkOrg direkte, med sannsynleg nedskjering av arbeidskraft og tilsvarande nedskjering av organisering av aktivitetar rundt om i landet. 

Kutt i støtte til frivilligheita generelt kan gjera det vanskeleg for lokallaga å få støtte til lokale kappleikar og kurs og andre tilskipingar.

Om NRK skal kuttast med 2-3 mrd. kr. – eller lagt ut for sal slik planen til Frp eigentleg er – ville det sannsynlegvis få store negative konsekvensar for NRK folkemusikk, med underminering av den sterke og historiske rolla NRK har hatt som formidlar av studio- og kappleiksopptak og arkivering av dette stoffet gjennom meir enn 90 år. 

Kutt vil vidare kunne råke ungdom og rekruttering ekstra gjennom ordningar som Den kulturelle skulesekken og andre tiltakspostar for barn og unge – ikkje minst midlar gjennom BUFDIR (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet). 

Det er heilt reelt at kutta vil føre til dårlegare rekruttering og svekka tradisjonsoverføring i folkemusikkfeltet. Kutta vil dessutan kunne gå sterkt ut over det viktige arbeidet med forsking, arkivering, formidling og opplæring som Norsk senter for folkemusikk og folkedans driv med.

Sånn ser slike nedskjeringsframlegg ut frå folkemusikkfeltet. Men dette vil råke alle andre kulturorganisasjonar og -institusjonar, alle sjangrar i det mangfaldige kulturlivet vårt. 

Så sterke kutt i kulturbudsjettet som Frp og Høgre signaliserer, vil føre til at nokre store institusjonar vil overleva (Den Norske Opera, Nasjonalmusea, hovudscenene), men i redusert form. 

Me vil kunne sjå ein stor nedgang i breiddekulturen: festivalar, litteraturhus, tidsskrift, frie grupper og kunstnarar. Publikum får færre val, det vil bli mindre mangfald, og kulturtilbodet vil bli redusert til det den private marknaden er villig til å finansiere.

Kvifor fremjar Frp og Høgre ein slik politikk? 

Dei meiner med litt ulik styrke at støtte til kultur eigentleg ikkje er ei offentleg oppgåve. Dei meiner at det må vera opp til kulturlivet å skaffe seg finansiering frå privat kapital. 

Erfaringar med slikt er at det helst er større og prestisjetunge prosjekt som kan lokke til seg sponsormidlar – i gode tider. 

Med meir marknadsstyring vil mindre institusjonar og prosjekt ute i distrikta slite, også i gode tider. Smalare sjangrar vil ha vondt for å overleva. Billettprisar vil naturleg auke meir enn vanleg, og kulturtilbod blir endå meir for dei med god råd. Det vil kunne bli mindre norskinnhald i media, og det vil bli vanskelegare å halde oppe norsk språk og kultur i møte med global strøymekultur.

For kulturlivet er valet i år meir enn nokon gong tidlegare eit grunnleggande verdival: 

Vil me ha eit fritt kunst- og kulturliv vurdert på fagleg grunnlag og med demokratisk finansiering? 

Då kan me ikkje overlate prioriteringane til kommersielle marknadskrefter.

 

Powered by Labrador CMS