– Det er allereie rift om timane
Politiet ber folk sjekke om passet er gyldig dersom dei skal ut å reise.
Treng du nytt pass? Da bør du vere føre var, for nå melder politet at det er få ledige timar att.
– Våren har kome, og reiselysta aukar. Det inneber høgsesong for pass, og allereie er det rift om passtimane, seier Sigrid Dahl, politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark.
I ei melding frå politiet blir det opplyst at det vanlegvis er muleg å få seg pass i Vinje og på Notodden i Øvre Telemark, men for å kunne hjelpe flest muleg med pass og ID-kort har politiet i høgsesongen konsentrert produksjonen ved dei største stadene der det er best kapasitet i Telemark.
– Det fører dessverre til lang reiseveg for mange når dette er i Skien og på Notodden, men det gjer at me kan produsere fleire pass per maskin og medarbeidar i ei hektisk tid, seier Dahl.
Sjekk passet i tide
Politiet oppfordrar folk til å sjekke passet i god tid før ferien, og minner om at pass til barn har kortare varigheit.
Sjølv om det er få ledige timar når ein skal søkje om pass, ber politiet om at dei som vil ha time om å følgje med på politiet.no.
– Det blir lagt ut nye timer kvar veke, vanlegvis fredag ettermiddag. Dersom ein bestiller time fleire stader, bør ein vere nøye med å avbestille dersom ein ikkje skal bruke timen slik andre kan få glede av den, heiter det frå politiet.
Både Dahl og Torill Sorte, som er leiar for felles eining for utlending og forvaltning, ber også folk om å lese seg godt opp på kva ein må ha med til passtimen når ein bestiller.
– Da slepp ein å reise forgjeves. Naudpass får du bare i Skien, Drammen eller på Torp, men hugs at ikkje alle land godtek naudpass som reisedokument, seier Sorte.
Om det er aldeles kritisk for å få ordna seg pass, ber politiet om at ein kontaktar dei på telefon 02800, så vil ein hjelpe så langt ein kan.