SØRLANDSBANEN: Nordagutu stasjon.

– Det blir investert for lite i norsk jernbane

– Mykje av kritikken mot Bane NOR er ufortent, det er politikarane som har ansvaret, seier Kjell Erik Onsrud.

Publisert

Infrastrukturforvaltar Bane NOR har i den seinare tid fått kritikk for utsettingar av prosjekt, men leiar i organisasjonen For Jernbane, Kjell Erik Onsrud, meiner at mykje av denne kritikken er ufortent.

– Det er politikarane som har det overordna ansvaret, seier Onsrud, og viser til at løyvingane til jernbanen for 2025 og 2026 ligg 7,3 milliardar under dei rammene som er trekt opp i Nasjonal transportplan 2025-2036. 

– Det er klart at Bane NOR må revidere prosjektporteføljene sine når rammene blir betydeleg mindre enn forespegla, seier Onsrud.

Han peikar på at det mellom anna har vore fokus på dobbeltspor Stokke-Sandefjord.

Om For Jernbane

For Jernbane er ein frivillig, landsdekkande organisasjon.

Organisasjonen jobbar for at jernbanen skal utføre ein vesentleg større del av transportarbeidet av omsyn til miljø og helse.

For Jernbane er også opptatt av å vidareutvikle ein kollektiv reisekultur.

Kjelde: For Jernbane

Treng føreseielegheit

– Dette prosjektet var det stortingsfleirtalet som ville ha med i transportplanen, men utan at dei økonomiske rammene blei auka. Så langt har dei i praksis blitt mindre, seier jernbaneentusiasten.

Det som blir løyvd til jernbanenettet i 2026 er om lag 3,35 milliardar lågare enn i 2022, ifølgje Onsrud. 

– Det burde vore omvendt når me skal løyse store utfordringar med klima, arealbruk og knappheit på energi, seier han, og legg til:

– Det gjer det heilt klart meir krevjande for Bane NOR å drive overordna og langsiktig planlegging av prosjekta. Er det noko jernbanen og leverandørane treng, så er det nettopp føreseielegheit og langsiktig planlegging.

Onsrud fortel at For Jernbane forventar at regjeringa rettar opp dette i arbeidet med statsbudsjettet for 2027. 

– Konkret tyder det at løyvinga til banenettet bør tilbake på 2022-nivå, som er 27,6 milliardar i 2024-kroner, seier Onsrud.

Powered by Labrador CMS