– Derfor aukar avfallsgebyra til innbyggjarane
Det er ein direkte samanheng mellom myndigheitene sine miljøkrav og auka avfallsgebyr for innbyggjarane.
Handtering av avfall er ein viktig del av miljøpolitikken i Noreg, og for å nå måla om reduserte klimautslepp og mindre forureining, som plast på land og i vatn, krevst store investeringar i kommunal avfallshandtering.
Myndigheitene set nasjonale forskrifter for avfallshandtering, og Noreg følgjer EU-direktiv som krev at minst 65 prosent av hushaldningsavfallet skal materialgjenvinnast innan 2035. Det leggjast eit veldig einsidig press på kommunar og deira avfallsselskap for auka utsortering, sidan likt avfall frå næringslivet slepp krava om utsortering.
Avfallsgebyret som innbyggjarane betalar, avheng av fleire faktorar. Det gjeld til dømes kostnader for utsortering, ny teknologi, innsamling, transport, handsaming og miljøavgifter (CO2).
Alt saman er myndigheitskrav om kva kommunane og deira avfallsselskap må gjere, og altså ikkje noko dei kan velje bort. Kommunal renovasjon er ei lovpålagd plikt, og eigarane er opptekne av at dette blir gjort kostnadseffektivt.
Men kostnadane som hamnar på avfallsgebyret påverkast òg av eit manglande marknad for avfallet som kommunane påleggast å sortere ut. Oftast må kommunane betale nokon for å ta over avfall, og det kan vere ganske mykje.
Avfallet blir så handsama vidare for å kunne brukast inn i produksjon av nye produkt. Her er problemet at myndigheitene i stor grad har utelate bruk av nødvendige verkemiddel som kunne fått fart på etterspurnaden etter det som blir sortert ut. Viss etterspurnaden stimulerast, vil utsorterte materialar få positiv verdi, slik at ein får betalt når andre handterer avfallet vidare. Derfor treng me krav om resirkulert materiale i nye produkt.
Når styresmaktene ikkje tenkjer heilskapleg på avfallsområdet, vil miljøkrava deira berre sørgje for endå høgare avfallsgebyr framover. Forbrenningsavgifta er eit godt døme. Det burde vore ei avgift på produsentar, som dermed kunne gje insentiv til å endre produkt, slik at dei faktisk blir materialgjenvinnbare og enkle å sortere for oss innbyggjarar. I staden vel styresmaktene å leggje ei avgift på avfall som MÅ forbrennast fordi dei ikkje er gjenvinnbare. Dermed hamnar avgifta på avfallsgebyret i staden.
Miljøstyresmaktene er altfor einsidig retta med å påleggje kommunane krav, i staden for å sjå kva heile verdikjeda må bidra med, og stille krav deretter.
Dermed vidareførast tenkinga om bruk-og-kast, i staden for å leggje krav og verkemiddel der produkt verkeleg kan endrast. 80 prosent av eit produkts miljøavtrykk påverkast i design og produksjon, og ikkje i det augneblinket noko er kasta av oss innbyggjarar.
Samla sett gir dette ein svært direkte samanheng mellom krava kommunane og deira avfallsselskap får, og auken i avfallsgebyr.