Sidesprang:

FAST SPALTIST: Jarle Sten Olsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det er ikkje bare ei oppskrift på jul

Publisert

Jula i Midt-Telemark byrjar lenge før kalenderen viser 24. desember. 

Då julegata vart tend i midten av november, hadde butikkane allereie selt juledrikke, peparkaker og julemarsipan i fleire veker.

No, nokre veker før julaftan og med Black week unnagjort, kan ein ana desperasjon i blikka hos bøheringar som saumfer butikkar på jakt etter julegåver til familie og venner som allereie har det meste dei treng. 

Fast spaltist: Jarle Sten Olsen

Jarle Sten Olsen (61) er innflytta bergensar i Midt-Telemark og bur no i Roegrenda. 

Han er tidlegare TV-produsent, og vart omskolert til lærar då han kom til Bø i 2007.

Jarle er tilsett ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien, men er for tida videoprodusent i NDLA. I ledige stunder skriv han krimbøker.

Medan foreldra shoppar, ligg forventningane hos dei minste tjukke som snøen alle håpar skal koma, men som ofte lèt venta på seg.

For nokon tyder jula fullt hus, med nissar og pynt som blir henta fram frå kassar på loft og slekt som finn vegen heim frå både inn- og utland. 

For andre er jula stille, kanskje for stille og ei høgtid som dei helst ville kome seg gjennom så raskt som mogleg. 

Når lysa blir tende i sentrum og julemusikken spelar over høgtalarane, veit me at ikkje alle gler seg. 

Nokon saknar ein som ikkje kjem eller som har gått bort. Andre kjenner presset i lommeboka meir enn gleda over gåvene. Nokon sit åleine i jula, andre er einsame sjølv om det er folk rundt dei. 

Medan nokon brenn bål og markerer solsnu meir enn jula i og for seg, dreg andre til varmare strøk og byter pakkar og juletre med sol og bassengkanten. 

Og nokon feirar ikkje jula i det heile.

For jula er ikkje éi historie, men mange små. Den er både einsemd og fellesskap, forventing og lette, sakn og gjenforeining. Den kan vera høgtid eller heilt alminneleg. Full fart eller ro. Mykje pynt eller berre eit enkelt lys på bordet.

Når desember slepper taket, er det sjeldan pakkane me hugsar, men gjeremål og augneblink som ikkje lét seg planleggja. 

Ein latter over ein mislykka dessert, ei melding som omsider vart send, ein telefonsamtale det var altfor lenge sidan at du tok. 

Timane der mobilane (i alle fall for nokre timar) blir lagde bort og blir erstatta med prat eller spel. 

Eller kanskje berre stille. Same korleis de feirar, ta vare på kvarandre og dei små stundene som dukkar opp.

God jul, når den tid kjem.

Powered by Labrador CMS