Ei soge frå Trollebotn på Seljordsheii:
MEINING: Sveinung T. Børte.
Privat
Då Olav Blomhaug lærde å symje
Ein sundag i håballen sat me på stabburstroppi på Blomhaug, og smaka på noko surøl Olav hadde. Avisi me hadde saman på heii gjekk frå mann til mann. Og me rødde om det som stod skrivi der. Særleg eit lite stykke nest på fyrste sida vekte åtgaum: På Austlandet ein stad hadde tri mann drukna, dei var ute og rodde i ein pråm som kvævde. Ingen kunne symja.