
– Barnehagen treng kjende og trygge vaksne, ikkje nødvendigvis ein ordførar på snarvisitt
Det tikka inn ei melding i barnehageappen denne måndagen: Ordføraren og hovudtillitsvald skal hospitere ein heil dag i barnehagen til ungane mine!
Jaha, tenkte eg, det er jo flott fordi dei ønskjer å få eit glimt av livet i barnehageverda IGJEN. Men er dette eigentleg noko barna mine treng?
Eg er hundre prosent sikker på at det dei faktisk treng er noko litt meir konkret, som nok faste tilsette og oppfylte pedagogkrav, noko som kanskje ikkje har vore heilt på plass dei siste åra.
Dei treng kjende og trygge vaksne, ikkje nødvendigvis ein ordførar på snarvisitt. Er det for mykje å håpe på at ordføraren som den øvste politiske leiaren kan prioritere å fylle budsjett-hola slik at ein kan betale lønn og rekruttere kvalifiserte tilsette?
For er det ikkje slik at ein barnehage treng kontinuitet og stabilitet, ikkje eit plutseleg glimt av "folkeleg nærleik"? Kanskje endå fleire kjende fjes, kanskje ein trygg og solid barnehagekvardag?
Eg er usikker, men eg veit éin ting: Å sikre ressursar til dei som verkeleg betyr noko for barna mine, hadde nok provosert meg mykje mindre enn eit høfleg besøk.