SIDESPRANG:
2026: Nytt år, og eit hav av tid?
Ved eit årsskifte tenkjer ein gjerne på året som ligg bak, og ein er spent på kva som ligg framom. Kva vil framtida gje?
Sjølve «tida» er vanskeleg å forhalde seg tid. Tallause vitskaplege og filosofiske verk om «tid» har prøva å gje svar. Ein kan bli svimmel av berre eit gløtt inn i kva tid kan vere.
Dei gamle egyptarane delte inn døgnet i to 12-timars periodar for kanskje å prøve å få kontroll. No deler vi tida i atskilleg mindre «bitar», det gjeld sekund, hundredelar, tusendelar og sikkert enno meir presist.
Men betyr det at vi får meir kontroll og tid til meir med denne nitide inndelinga?
Eit utall av ordtak er knytt til tid.
«Det skal sterk rygg til å bere gode dagar», «tida lækjer alle sår», «tid er pengar» , «om hundre år er allting gløymt», er berre nokre få.
– Tid er vanskeleg og det blir ikkje betre med åra, skriv Kjersti Anfinnsen i ein roman om alderdom.
Når ein har komme i 70-åra veit ein at det meste av tida har ein lagt bak seg, og ein veit at ein ikkje lenger har eit «hav av tid» framfor seg slik ein kjente då ein var ung.
Ein kjenner at «tida flyg» stadig fortare. Ho står aldri stille, ein får ikkje halde den igjen eller bruke ho om igjen om ein skulle ynskje det.
Plutseleg har det gått eit tiår sidan store hendingar som ein følte akkurat har skjedd. Så kjensle av tid har med alder å gjere.
«Å så gamal han eller ho har blitt» – tenkjer ein kanskje når ein treffer eit menneske det har gått tiår sidan sist ein såg, men når ein kjem heim og ser seg i spegelen, ser ein at tida har gjort sitt med ein sjølv og.
Tida kan gå sakte eller fort. Som barn syntest eg ofte tida gjekk veldig seint, som lærar kunne eg sjå at for elevane tok timen aldri slutt sjølv om eg synest den gjekk altfor fort.
Når noko er moro flyg timane av stad. Tid er flytande og subjektiv sjølv om ein time er aldri så nitid inndelt med presise tal.
Tida styrer våre liv, alt me tenkjer og gjør er innafor ramma av tid, utan at tida er noko me kan kontrollere.
Ofte seier ein utan å tenkje at «eg har ikkje tid», medan ei kritisk røyst då kan minne ein på at ein får tid til det ein vil.
Så lenge tida kjem til oss i 2026 kan vi bruke ho til glede for oss sjølv og for andre.