LEIAR:
– Me treng fleire som desse damene
Det lokale demokratiet er fundamentet for lokalsamfunnet vårt. Det er her avgjerdene blir tekne som påverkar kvardagen til folk flest – som skule, helse, nærmiljø og utvikling.
Derfor er det avgjerande at kommunestyra speglar befolkninga dei er valde til å tene. Likevel ser me framleis at kvinner og yngre er underrepresenterte i lokalpolitikken mange stader.
Representasjon i lokalpolitikken er ikkje bare eit spørsmål om rettferd, men om kvaliteten på demokratiet. Når halve befolkninga ikkje er tilstrekkeleg representert der avgjerdene blir tekne, går me glipp av viktige perspektiv og erfaringar.
Kvinner og yngre bringar med seg innsikt som er avgjerande for gode og balanserte vedtak – ikkje fordi dei er kvinner eller har ein viss alder, men fordi dei har andre livserfaringar.
I ei tid der demokratiet er under press fleire stader i verda, blir det enda viktigare å styrke deltakinga lokalt. Eit levande demokrati krev engasjement frå mange, og det krev at folk stiller opp.
Å stå på ei valliste er ikkje bare eit personleg val – det er frivillig arbeid og eit bidrag til fellesskapet.
Samtidig veit me at terskelen for å engasjere seg i politikk kan vere høgare for kvinner enn for menn.
Tidsklemma, forventningar og mangel på oppmoding spelar ei rolle. Derfor må både dei ulike partia og lokalsamfunnet vere bevisste og bli flinkare til å rekruttere, støtte og heie fram kvinner som potensielle kandidatar. Ein bør også sjå etter unge kandidatar og oppfordre dei til å vere med.
For det handlar også om førebilete. Når fleire kvinner tar plass i kommunestyret, blir det lettare for andre å sjå at dette er ein arena dei òg høyrer til på. Slik byggjer me eit meir inkluderande og robust demokrati, både i lokalsamfunnet og i landet som heilskap. Det er i kommunane det grunnleggande demokratiske arbeidet blir gjort, og det er ofte herfrå ein rekrutterer til politikken nasjonalt.
Det er ingen som eig demokratiet aleine, men alle har eit ansvar for å halde det levande. Nå trengst det fleire som tek steget inn i lokal politikken - og kvinner må vere ein sjølvsagt del av dei.
Derfor er oppmodinga klar: Sei ja dersom du blir spurd til å stå på ei valliste til eit parti som passar deg. Og vurder sjølv å melde deg. Lokalsamfunnet ditt treng deg.