– Har me sørgd for at det er plass til alle?
Dette er ein leiarartikkel som uttrykker lokalavisa si meining.
Halloween står for døra, og nok ein gong dukkar dilemma rundt denne feiringa opp.
I fleire år nå har Halloween-festen blitt lansert som den store utanforskapsdagen når slutten av oktober nærmar seg. Debatten om korleis ein bør feire den oransje festen går alltid i fleire medium - og på skulane.
Bak heksehattar, knask eller knep og skumle masker skjuler det seg dessverre altfor mange såre barnehjarte. Kven blir bedt med på fest, og kven må sitje heime og sjå på sosiale medium at klassevennene går i samla flokk frå dør til dør?
Mange vaksne toar hendene sine og seier at «ungane må få velje sjølve kven dei vil vere saman med». Det er ei altfor lettvint ansvarsfråskriving.
Barn og unge har ikkje det overordna blikket for fellesskap og utanforskap – det må me som foreldre ha. Det er me vaksne som skal halde i trådane, setje grenser og rettleie. Me kan ikkje utan vidare overlate dei store sosiale vala heilt til ungane våre medan dei framleis er under ombygging.
Dersom ein synest det er vanskeleg å arrangere ein halloweenfest privat - anten fordi ein har for liten plass heime til å invitere alle, eller manglar oversikt over kven av dei unge som faktisk har blitt bedt med på noko eller ikkje - finst det gode alternativ.
I Midt-Telemark er me så heldige å ha eit fellesarrangement, der fokus er inkludering og vennskap. Kva med å støtte opp om ein felles Hallovenn-fest, der alle kan vere med? Ja, det kan vere støyande, og ja, det blir garantert mykje sukker og høg puls. Det er likevel eit arrangement med låg terskel der det alltid er plass til ein til, anten ein er liten eller stor. Her stiller flinke og inkluderande foreldre opp, og det finst ein vrimmel av morosame aktivitetar ein kan vere med på – også for dei som treng ein litt meir roleg krok.
Sjølve grunntanken bak eit slikt opplegg er at her kan alle vere med, og ein slik innfallsvinkel er med på å styrke lokalsamfunnet vårt.
Ansvaret for inkludering rundt Halloween har like mykje foreldre til dei eldre barna. Ein treng ikkje overlate alle avgjersler til tenåringane. Ein treng vaksne som bryr seg, er gode forbilde og stiller dei viktige spørsmåla:
Kven skal de vere saman med? Er det nokon i klassen eller i vennegjengen som ikkje har planar i kveld?
Ein må utfordre dei unge positivt til å opne sirkelen og ta kontakt med den som ofte fell utanfor.
Det er bare når dei unge ser at me vaksne faktisk tar ansvar og er opne og rause i kvardagen, at dei lærer å gjere det same sjølve. Barn gjer sjeldan det me seier, men det me gjer.
Lat oss saman sørgje for at årets feiring ikkje blir hugsa for utanforskap og tårer, men for at me vaksne klarte å vise veg og lage god plass til alle.