Torsdag hadde dei fyrste prøva i Gullbring. Snart er det alvor
– Me gleder oss veldig til konsert, seier Jorid Vale, Martin Ytreland og Bruno Hageman, frivillige musikkrefter i Demenskoret Midt-Telemark. Gleder seg gjer også songarar og medsongarar.
I januar 2023 tok NRK-serien «Demenskoret» heile landet med storm, ein serie som både rørte og inspirerte. Her fekk sjåarane følgje eit kor samansett av menneske med demens frå ein forsiktig oppstart til flott konsert på sjølvaste Chat Noir.
På rekordtid har Midt-Telemark fylgd etter. I april starta Demenskoret Midt-Telemark opp med faste øvingar kvar veke på Nye Sjodar, basert på frivilligheit i alle ledd. Etter fleire mindre konsertar er det nå klart for stor konsert i Gullbring kulturhus søndag 21. januar.
Preproduksjon
Torsdag var det preproduksjon i Gullbring, med korsongarar og nesten heile bandet samla for fyrste gong. Bandet er for anledninga utvida med Trond Villa, feler og gitar, Tom Arne Møllerbråten, bass, og Angelika Karsrud, bratsj. Bruno Hageman, tangentar og kapellmeister, Martin Ytreland, trommer, og Svein Erik Fiskodde, gitar, er faste musikarar på øvingane og også med i bandet.
– Det viktigaste i dag er å få prøvd ut salen, seier dirigent Jorid Vale.
Ho har vore ute i god tid og rigga scenen som til konsert. Stolar er sett ut, tekstane projisert på vegg og skjerm, og lyd- og lysmann Paulucci Bakke er på plass. Demenskoret har salen til disposisjon i to timar denne torsdagen, og dirigent Jorid får songarane kjapt i gang.
På konserten skal dei gjennom eit repertoar på 20 songar. Publikum i salen blir invitert til å synge med på halvparten.
40 i koret
Demenskoret Midt-Telemark har nå 40 medlemmer. Av dei har 20 songarar demensdiagnose eller anna helseutfordring, medan 20 er medsongarar. Henny Langåsdalen og Aud Aarnes, begge medlemmer i Bø og Sauherad Røde Kors, er medsongarar, ei oppgåve dei stortrivst med. Denne dagen er dei i Gullbring saman med Anne Lise Folkestad, som dei har henta på Sauherad bygdeheim.
– Øvingane er koselege og sosiale, og Jorid er så kreativ. Eg håper verkeleg bygda har lyst til å følgje opp og kome på konserten, seier Henny, som er spent på kor mange som kjem.
Anne Lise er også spent, men slett ikkje nervøs. Ho har vore med i koret sidan det starta opp i april.
– Eg gleder meg. Det er alltid veldig koseleg å møte folk i koret, seier Anne Lise.
Ønsker å halde fram
Jorid har lagt program fram til sommaren. Ønsket er å kunne halde fram med Demenskoret Midt-Telemark i lang tid.
– Me held på heilt til me blir med og syng sjølve, seier kantor og demenskor-frivillig Bruno Hageman med eit smil.
Men sjølv om alle involverte stiller opp frivillig, er også Demenskoret Midt-Telemark avhengig av pengar.
– Me treng om lag 50.000 kroner i året til mat og husleige på Sjodar. Korsongarane får god mat på kvar øving, seier Jorid.
Husleige til Gullbring kulturhus for konserten får dei nå dekt av kommunen si ordning Den kulturelle spaserstokken, som er eldres svar på Den kulturelle skolesekken. Litt av billettinntektene frå konserten går også til Gullbring kulturhus. Størstedelen, 100 kroner per billett, går tilbake til Demenskoret Midt-Telemark.
– Det er veldig viktig å få fram, seier Jorid Vale.