T
Sluttbasar på Breskhaug
Frå arkivet – Bø blad 14. desember 1995
Det var nok vemodig for mange på Eikjabygda skule på Breskhaug laurdag kveld, men at dette var for siste gong la i alle fall ingen dempar på humøret mellom dei 130 frammøtte. Så mange tok nemleg farvel med det trivelege skule- og grendehuset. Skulevimpelen stod høgt heva langsmed veggen, symbol på skuledrift her sidan 1888 – og i kroken hang Gunnulf Staurheims stemningsfulle landskapsmåleri.
Ut året digital
for 250,-
Deretter 159,- per månad.
Inga binding.
Kjøp