Landskapsutvikling frå Bø til Gvarv
Evju bygdetun er ein av fire organisasjonar i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang. Dei andre er Universitetet i Søraust-Noreg, Bø Museum og Bø sokn/ Sauherad og Nes sokn.
Ser ein langt attende i tid har landskapet hatt store endringar. Står ein t.d. på Evju Bygdetun og tenkjer seg over 12.000 år tilbake ser ein eit arktisk klima, og over ligg ein mektig isbre. Klimaet blir varmare, og det enorme og tunge is-volumet smeltar sakte bort. Den kraftige is-tyngda har trykt jordoverflata ned slik at Evju ligg mykje lågare enn i dag. Etter at det tunge og kalde isåket forsvinn, tar landet til å stige. Landskapet ligg att med berre nakne mineralar, slik ein ser det foran smeltande bretunger i dag. Når isen smeltar i det store dalføret der Evju ligg, fylgjer havet etter isfronten innover slik at dalen blir til ein lang og smal fjord. Evju blir såleis i nokre tusen år ein maritim lokal stad på fjordbotnen langt der nede i djupet. Kanskje som gytebotn for torsk, flyndre og krabbe. Ut til fjorden blir det ført store mengder mineralske lausmassar med smeltevatnet frå områda innafor. Det finaste materialet, silt og leire, blir ført langt utover og søkk til botnar i det rolege og salte hav-vatnet.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp