Sidesprang:

– Å forflytte seg ut av den vanlege tralten og oppleve ”time out” frå dagleglivet er viktig
Det stundar mot ferietid, og mange har nok allereie lagt planar for eit av årets høgdepunkt – dei etterlengta ferievekene.
Barnefamiliar tenker at dei kjekkaste feriane og reisene er dei som barna vil elske. Har barna det topp, vil dei vaksne også ha det bra.
Dyreparkar, leikeland, sjø og strand er sikre vinnarar. Mange opplevingar skal pressast inn i sommarvekene.
For pensjonistar er gjerne sommarvekene heimetid. Me kan planlegge og reise stort sett året rundt, og reise gjer pensjonistar.
Kva er det så med reiser som er så attraktivt og gildt?
Her er det mange svar. Det å oppleve noko nytt og ukjent, sjå nye stader eller byar og område ein bare har sett på tv eller lese om. Det kan vere det eksotiske, det framande, eit glimt inn i andre menneskes liv, og innblikk i andre kulturar og levemåtar viss ein reiser langt nok.
Bare det å forflytte seg ut av den vanlege tralten og oppleve ein ”time out” frå dagleglivet er viktig. Ikkje minst å komme heim igjen og kjenne kor herleg det er, er verdt heile reisa.
Og reisemåtane er så ulike, men eit visst mønster finst likevel.
Dei unge er kreative og planlegg ofte heile reisa sjølv, med alt som høyrer med, jamvel restaurantbesøk blir booka av dei aller ivrigaste på planlegging.
For andre er det meir innfallsmetoden som gjeld, slik det ofte var for interrailerar på 1960- og 70 talet.
Pensjonistar derimot, vel gjerne det som er gjennomorganisert, det vere seg elvecruise, safariar, ferdigsydde gåturar eller sykkelturar.
Populært er også kulturreiser med kjendisar. Slike turar er sutalause, men med lite plass for det spontane. Ofte kan ein ta seg i at ein går i flokk utan å tenke sjølv, men på slike reiser møter ein òg nye folk og livshistorier, folk som har levd ei stund. Det kan vere spanande og ei reise i seg sjølv.
”Kor skal vi reis?” var hovudspørsmålet i radioprogrammet ”Påskelabyrinten”. Ein av mine ”reiseplanar” for sommaren er kortreist, berekraftig og gratis: Eg skal ein tur på Bryggefjell for å sjå Norsjø og Nesherad derfrå.