«Håp» i filmsalongen
«Håp» fekk strålande mottaking då den kom. I kveld går den på Bø kino i regi av Filmsalongen, og det blir muleg å stille spørsmål til regissøren.
I kveld viser Filmsalongen filmen «Håp». Den er basert på regissøren, Maria Sødahl si eiga historie. Anja får beskjed om at ho har ein dødeleg sjukdom på veslejulaftan. Åleine med sorga og redsla skjønnar ho at ho må støtte sambuaren Tomas. Dei to bur saman i ein storfamilie med felles barn og stebarn.