201029 Innflyttaren Espen Lydersen

– Eg har stor sans for rånemiljøet i kommunen

Espen Lydersen (62) likar rånemiløet, men skulle ønskje at bilglade ungdommar kunne slutte med forsøpling ut av bilvindauga.

Publisert Sist oppdatert

Når flytta du til Midt-Telemark?
– I 2007
Kvifor flytta du til Midt-Telemark?
– Eg gjekk på gamle TDH frå 1976-78, institutt for natur, helse og miljø (INHM). Etter endt utdanning ved Universitetet i Oslo og 15 år ved Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og miljøteamet på Økokrim, blei eg kontakta av min tidlegare lærar ved INHM, Arne Lande, som spurte om eg kunne tenkje meg å søke på stillinga hans, da han ønskte å gå av med pensjon. Da både denne stillinga og instituttleiarstillinga blei utlyst samtidig, søkte eg og kona mi på kvar vår stilling. Begge blei tilbudt stillingane, og etter nokre vekers betenkningstid, sa vi begge ja, sjølv om vi også treivst svært godt i Oslo.
Kor kom du frå, og kva gjer du her?
– Eg er født i Oslo, der eg budde fram til eg var seks år gammal. Deretter flytta eg til Kristiansand der eg budde fram til eg begynte på studiane i Bø. Her jobbar eg som vassforskar (limnolog) ved USN, både med undervisning og forsking.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS