Knut Hamre om møtet med Jens Amundsen:
V
– Det sette ein kveik i meg
For Knut Hamre frå Granvin i Hardanger hadde Jens Amundsen stor innverknad. Dei to møttest på arbeid i Hallingdal sist på 1960-talet.
Knut Hamre var 17 år og Amundsen nærmare 50 da dei to møttest på anlegg i samband med bygging av hotell på Ustaoset og Geilo. Hamre var på den tida lærling i murarfaget. I løpet av eitt år saman med Amundsen på anlegg lærde han også mykje om hardingfelespel.