S
Det fyrste møtet med stjernehimmelen
BØ KYRKJE er ein av fire organisasjonar i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang. Dei andre er Sauherad og Nes sokn, Bø museum, Evju bygdetun og Sauherad historielag.
Det var den kalde og klåre veka i oktober. Eg hadde pussa tenna til dotter mi på fire år og ho var klar til å legge seg, då eg foreslo å gå ut i hagen for å kikke på stjernene. Ho hadde jo sett stjernehimmelen før, men ikkje på denne måten.