Bø-senteret: Spaden omsider i jorda i april?
Frå arkivet: Bø blad 21. mars 1996
Etter at miljøvernavdelinga og NVE droppa krav om opning i kulverten for Lortebekk, er det nå truleg klart for bygging av ”Bø-senteret” aust for stasjonsvegen. I alle høve dersom kommunestyret måndag sluttar seg til den modifiserte reguleringsplanen som bygningsrådet (Natur, teknisk og næring) strødde sand på ved 2. gongs behandling. Smedstadtomta er nå m.a. teke ut av utbyggingsområdet, og det blir ikkje innkjørsle herfrå til senteret. Senteret må frikjøpe fleire p-plassar.