– Å flytte til Gamlegata på Gvarv var som å kome heim
– Me kan bli betre på å framsnakke kvarandre, gje tryggleik og sjølvtillit til dei unge, om at dei er gode nok, seier innflyttaren Trond Arne Karsrud (62).
Når flytta du til Midt-Telemark?
– Sommaren 2006.
Kvifor flytta du til Midt-Telemark?
– Me ville flytte nærmare jobben min i Skien. Eg har jobba ved kulturskulen sidan 1987. Eg har sidan 1987 jobba som fiolinpedagog og bratsjist i Skien. Frå 1990-2000 jobba eg som distriktsmusikar i Telemark og som frilansbratsjist. Etter ryggskade og derav uførheit har eg sidan 2015 hatt redusert jobb i Skien. Eg har spela skulekonsertar for Rikskonsertane på alle skular i Telemark! Kona mi fekk også moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass her. Eg likar naturen, tempoet og menneska her. Venner på Gvarv meinte me måtte flytte hit. Så da Bjørnsonhuset i Gamlegata kom for sal, blei det kjøp og full klaff med ein gong!
Kor kom du frå, og kva gjer du her?
– Eg er født på Eina med oppvekst der, og på Raufoss i Vestre Toten.