Historia om Laskemoen i Sauherad

Laskemoen, eller plassen Moen u. Nordadal som den opprinneleg heitte, blei bygd opp ved Gvarvelva syd for Teksten i 1720-åra.

Publisert Sist oppdatert

I 1730 bygde løytnant Christopher Gothard Scheidener (1673-1737) og kona Anna Margartha von Hollen, begge frå Livland (Estland), ei stugu på ein etasje på Moen. Den samme stugo stend der i dag med to etasjer. På skiftet etter løytnant Scheidener i 1737, blei husa på plassen verdsette til 50 dlr. Det var langt meir enn vanleg for hus på plassar, så det må ha vore større og betre enn vanleg. Ei dotter, Lisbet Scheidener f. ca 1710, og svigersønn, også han militær, kjøpte husa på skiftet. Denne kaptein Berent Hønne selde sidan kapteinsgarden i 1751 for 32 dlr til Elias Andersen Laschen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS