Espedalen
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Når du kjem over Forbergsletta i retning Bø ser du Espedalen- gardane litt til venstre etter å ha passert Forberg skule. Desse fire gardane ligg ganske samla. Aust for dei ligg dalen der det nok var mykje osp. Det er denne dalen gardsnamnet kjem frå.
Første gong ein finn namnet Espedalen brukt skriftleg er i eit dokument frå 1460. Men ein reknar med at garden er mykje eldre enn det, og at det var busetnad der før vikingtida.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp