DET SVINGA I GULLBRING: Det svinga bra i Gullbring amfi da Blåsemafian kom til Sommarlandfestivalen og blei mottatt som superstjerner. Stemninga var himmelhøg og entusiasmen stor. FOTO: Gro B. Røiland
UTSTILLING I GULLBRING: I juni opna utstillinga «Eventyret i glasset» med kunstverk laga av elevar på Visuell Kunst. Kulturskulelærar Sverre Jacobsen og lærar på Visuell Kunst Zoe Eskes ønskte elevar og føresette velkomen, og fløyteelevar på kulturskulen spela eit lite musikkinnslag. FOTO: José Bakker
FOTBALL PÅ SANDVOLL: Skarphedin gutar 8 storspela og vann overbevisande i møtet med Skade. FOTO: Nina Fåne
KRETSMEISTERSKAP: Ein gjeng frå Bø orienteringslag deltok i KM mellomdistanse ved Siljan laurdag 11. juni. Tre av desse blei belønna med KM-medalje etter god løping. Gaute Bratland Solberg (midten) slo til og blei kretsmeister i 13-14 årsklassa for gutar, medan Anders Felde Olaussen (t.v.) og Aurora Fossøy fekk høvesvis sølv og bronsemedalje i seniorklassane H21 og D21. FOTO: Bø o-lag
KROSS: Ein kan undrast kva for symbolikk som ligg bak denne krossen, som viste seg på himmelen over Lifjell, i nærleiken av kyrkja i Bø til høgre på bilete. FOTO: Unni Buverud
EKSEMPEL PÅ FRIVILLIG ARBEID: Barn og unge dansa i sol og regn da Nes Nasjonale Dansarring inviterte til aktivitetsdag med sjokoladekappleik på Evju bygdetun. Arrangementet var også ei markering av den nasjonale «Folkemusikkens og fokedansens dag» 16. juni i samband med Frivilligåret 2022. FOTO: Gro B. Røiland
VAKRE ØVRE BØ: Juni er ein vakker månad, og me bur i ein fin kommune. Biletet er teke i Øvre Bø, med utsyn mot Eriksteinfjellet, den 11. juni 2022. FOTO: Simon Jeppesen
VAKKER OG VILLIG: Hagelupin er svært villig og populær, men har fått status som svært høg risiko i Artsdatabanken fordi den spreier seg veldig og fortrengjer andre plantar. Den veks i Evjudalen saman med blant anna burot. FOTO: Marta Kjøllesdal
SMÅ BAKARAR: Ein tysdag i juni var førskulegruppa frå Maurtuva barnehage på Bø museum for å bake brød saman med Bjørg Momrak og Inger Åse Sønste­bø. Denne våren har alle førskulebarna i Bø hatt bakedag på museet. FOTO: Gro B. Røiland
FESTIVALSTEMNING: Mange barn fekk si fyrste festivaloppleving da Midt-Telemark kulturskule inviterte til festival 1. juni. Sjølv da regnet ausa ned var stemninga på topp – både framom og på scenen. For ekte festivaltråvarar bryr seg jo ikkje om litt regn… På boblad.no kan du sjå mange bilde og video frå ein flott festivalkveld. FOTO: Gro B. Røiland
SETER I SOL: Nybuseter ligg fint i sola litt oppe i lia på vestsida av Oksladalen/Okslajuvet. Biletet er teke frå Skrubbelinuten på Gleksefjell. FOTO: Dag Einar Hvitsand
MINNEMARKERING: Det var ei fin, varm og spontan markering då det blei lagt blomar ved regnbogeflagget på Bø torg. Til stades var ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, varaordførar Ingebjørg Nordbø, Tone Sissel Kise, dottera Oda Amalia Kise Hjertstrøm og barnebarn. Dei sto i ein ring og sa litt kvar om korleis dei opplever terrorhandling i Oslo. FOTO: Privat
SANKTHANSFEIRING PÅ GVARV: Torsdag 23. juni inviterte Gvarv Vel til Sankthansfeiring på Gvarv. Barn og vakne koste seg i og ved vatnet mens sola varma godt denne kvelden. Det blei også grilla og kasta hestesko, og i sjutida blei bålet tent. FOTO: José Bakker
FOLKEFEST I BØGATA: Under verdscuprennet på rulleski i Bø sentrum samla eliteløparar frå mange land seg. Men det var også mykje folk langs Bøgata. Mellom anna Live Jonsen, Sofie Gulmælæ og Patric Gulmælæ. FOTO: Unni Buverud
BLID GJENG: Denne gjengen frå Bø koste seg i sommarvarmen: Thomas Fjellheim, Silje Kaasa Solberg, Arne Kristian Lia, Tor Gunnar Brennekåsa, Hans Gunnar Bø, Johanne Selliseth, Mats Syvertsen, Martin Syvertsen, Hans Arne Bakaas, Åse Vold, Christian Stangeby Haugerud, Veslemøy Momrak Langkås og Eline Møllerbråten. FOTO: Unni Buverud
STERK KONTRAST: Ein onsdag ettermiddag tidleg i juni bada Breisås i solskin, medan skyene i aust trua med andre planar. FOTO: Dag Einar Hvitsand

Eit lite hint av juni – her kan du sjå bildeglimt frå Midt-Telemark

Juni blei ein travel månad med mykje fint vêr, dugnadar og store arrangement i Midt-Telemark. Her kan du sjå litt av det og andre stemningsbilde frå den første sommarmånaden.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS