Meining:

– Kjære politikarar, kven skal passe barna mine?
Politikarane i Midt-Telemark kommune har nå bestemt at SFO skal redusere opningstida, og i tillegg halde stengt i veke 31, haustferien og vinterferien.
Frå før er SFO stengt i heile juli.
Enkel hovudrekning tilseier at for ein småbarnsfamilie der begge foreldre jobbar, blir dette ein vanskeleg kabal å leggje.
Mannen min og eg kjem ikkje frå Telemark, og vi har ingen familie mindre enn ei dagsreise unna.
Vi jobbar begge i kommunen. I jobbane våre er det ikkje slik at vi kan bestemme sjølv når vi skal ha ferie, tenestene må ha ei grunnbemanning heile året. På arbeidsplassen min er vi mange med barn i småskulealder.
I kommunen vår er det mange unge som har det vanskeleg, eg høyrer om rusbruk hos unge og at ungdommar blir dregne inn i negative miljø allereie på ungdomstrinnet - eller før.
Midt-Telemark kommune har gitt ei forplikting til alle våre barn og ungdom gjennom Plan for førebyggande arbeid mot omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
Implementeringa av denne planen inneber mellom anna at det skal vere god kvalitet på tenester og tiltak for barn og unge.
Stikk i strid med planen vel politikarane våre nå å redusere kraftig i eit tilbod til barn og unge som er ein kjempeviktig brikke i at barn og unge skal ha det bra i vår kommune.
Så, kven skal passe barna mine? Svar mottas med takk.