LOKALE POLITIKARAR: F.v. Siri Blichfeldt Dyrland (SP), Vigdis Olafsen (SV), Espen Lydersen (MDG), Ingebjørg Ø. Nordbø (MDG) og Steinar Sæland (V) står på lista til Stortingsvalet for sine parti.
Karianne Søfteland
Tolv midt-telemarkingar står på vallister til årets stortingsval
Tolv midt-telemarkingar stiller til stortingsval, og er kandidatar for ni ulike parti. Nokre er erfarne lokalpolitikarar, andre står på liste for fyrste gong.
I haustens stortingsval står det tolv midt-telemarkingar på listene for Telemark. Dei fleste står langt ned på listene, og har ikkje store ambisjonar om å komme inn på Stortinget, men innflyttar Trygve Lyshagen Tømmerås (24) har ein reell sjanse til å komme inn, med sin 2. plass på Miljøpartiet Dei Grøne si liste.