PLASS TIL ALLE: Ingen har einerett på Bø sentrum. Her skal det vere plass til alle.
Øystein Akselberg
– Ingen har einerett på Bø sentrum. Viss alle viser omsyn, er det plass til alle
Den prisløna TV-serien Rådebank, med viktig fokus på bygda, psykisk helse, sterkt venskap og samhald i rånemiljøet har plassert Midt-Telemark på kartet hos dei fleste nordmenn. Marknadsverdien som serien har gitt kommunen vår har stor verdi, og den er positivt mottatt i dei fleste lag av befolkninga. Den gjev underhaldning, skaper ettertanke, gjer oss stolte og er med på å slette ein del stigma rundt ungdom i rånemiljøet.