Me søkjer etter:

Journalist - sommarvikar

Bø blad er lokalavisa for Midt-Telemark, ein kommune i sterk vekst og utvikling, med rundt 11.000 innbyggjarar. Aktiviteten er stor på dei fleste område i kommunen, og det er mykje spennande som skjer. Bø blad kjem ut ein gong i veka på papir og kvar dag på nett. Avisa har eit opplag på 3009 (2024).

Me søkjer etter sommervikar innanfor perioden 25. juni - 9. august

Sommarvikaren skal steppe inn i ferietida til Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark, og produsere journalistisk innhald til nettavisa (tekst, bilde og video).

Du som søkjer må òg vere fleksibel og kunne ta på deg andre oppgåver viss situasjonen krev det. 

Me søkjer deg som:

• har erfaring, utdanning eller interesse for journalistikk

• kan skrive godt norsk

• har fotoerfaring og auge for gode bildemotiv

• kan jobbe raskt under tidspress

• kan arbeide sjølvstendig og i team

• er effektiv

• Har sertifikat (må disponere eigen bil)

Søknadsfrist: 12. mars 2026

Søknad kan sendast på e-post til hilde@boblad.no

For spørsmål og meir informasjon, kontakt: redaktør Hilde Eika Nesje, tlf 947 89 450 eller e-post: hilde@boblad.no.

Sjå elles www.boblad.no

Powered by Labrador CMS