Rekordmange hoppa i Høllènnrennet – ein enda på sjukehus
Det blei sett ny rekord i talet på hopparar og folk i bakken under Hollane skifestival 2022. Tradisjonen tru var det mange fall, og for ein av hopparane enda dagen på sjukehus.
Ein hoppar i 30-åra frå Bø landa stygt og pådrog seg hjerneristing etter eit fall i andre omgang av hopprennet. Dermed blei det også i år bruk for Bø og Sauherad Røde Kors hjelpekorps, som var på plass i bakken med eit mannskap på ni.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp