NYTT TROFE: Bø optimistane har grunn til å juble etter at dei blei norgesmeistrar for tredje gong.
Privat
Optimistane kan nok ein gong heise pokalen
For tredje året på rad spela Bø optimistane seg til topps i noregsmeisterskapet i volleyball for seniorar.
Bø optimistane består av ein gjeng sprekingar i alderen 60+, som kvar mandag stiller til trening. Det har dei gjort sidan laget starta opp i 2015.