FINT OG FARLEG. Vakre Norsjø i Midt-Telemark innbyr til fine badedagar i sommar, men kan òg vare farleg for dei som ikke kan symje.
Hilde Eika Nesje
Korleis du kan redde nokon som druknar
Her er nokre gode råd når uhellet er ute i vatnet.
- Varsle 113 (eller få nokon andre til å ringe). Fortel:
– Kven som ringer.
– Kva som har skjedd.
– Kor oppheld pasienten seg?Set telefonen på høgtalar. Operatøren på 113 gjev rettleiing, slik at du kan gje best mogleg hjelp fram til helsepersonell er på plass.
- Ivareta eiga sikkerheit slik at du ikkje hamnar ufrivillig i vatnet eller blir skada:
– Kan personen i vatnet kome seg mot land sjølv?
– Rekk ut. Har du ein fiskestang, pinne, handkle eller noko anna for å dra personen mot land?
– Kast ut. Er det ei livbøye, flytevest eller noko anna i nærleiken som kan hjelpe personen å halde seg flytande?
– Ro ut. Få personen til å halde seg i akterenden av båten, eller hald personen til hjelpa kjem dersom han eller ho er for svak.
– Sum ut. Om du ikkje har livredningstrening bør du skaffe hjelp. Må du symje ut, bør du ha med noko som flyt for å ha mellom deg og personen i vatnet.
- Få personen på land, og tøm munn og svelg for vatn ved å bøye hovudet til sida.
- Gje frie luftvegar (ved å bøyge hovudet bak og opne munnen) og sjekk om personen pustar normalt.
-
Er personen bevisstlaus, men pustar normalt? Då legg du personen i sideleie. Hald personen varm, og sjekk pusten jamleg.
-
Dersom personen ikkje pustar normalt må du starte hjarte- og lungeredning (HLR). Om det ikkje er mogleg å få personen på land bør du foreta munn-til-munn-innblåsingar i vatnet.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp