STORT KEEPERTALENT: Una Langkås er igjen tatt ut for landslagsspel, denne gongen med J19 som speler i Portugal denne veka.
Privat
Keepertalent plukka ut til landslagstroppen
Bø-jenta Una Langkås er igjen tatt ut til landslagsspel.
Una Langkås frå Bø spelar til vanleg i 1. divisjon for Øvrevoll Hosle IL i Bærum. Keepertalentet har allereie blitt lagt godt merke til, og seinast førre veke blei Langkås tatt ut på rundens lag i 1. divisjon. I 2020 var ho med NTG Fotball Bærum på trening- og kampsamling i London på akademilaget til Chelsea, og på prøvespel hos Lyon, verdas beste klubblag på damesida. Prøvespelet kom etter at Langkås imponerte i treningskamper mot et aldersbestemt Lyon-lag hausten 2019.