FEKK PREMIAR: Anund Lindheim og Karianne Flatland fekk hovudpremiar. Dei blir gratulert av Kari Reine Bø, Sindre Flø og Tom Erik Benjaminsen i arrangørgruppa.Den tredje vinnaren, Norunn Grini Koslung, var ikkje til stades.
Unni Buverud
Anund og Karianne vann hovudpremien i Gulltrimmen – og det blir fleire turar
Etter at Gulltrimmen starta i 2015, har tiltaket auka i popularitet. I år gjekk heile 1381 personar dei ulike turane. To av dei var Anund Lindheim og Karianne Flatland.
De blei trekt ut som to av tre vinnarar av hovedpremiane. Gulltrimmen er eit samarbeid mellom Gullbring kulturanlegg og Frisklivsentralen, med Gullbring trening AS, Sport1 Glexe, Kiwi og Nr1 Fitness som sponsorar.