Fast spaltist i Bø blad, Berit Bjørnerud.
Åge Bjørnerud
– Viss eg er interessert i dei eg møter, kan eg bli betre kjent med folk eg ikkje kjende før
Berit Bjørnerud har vore både nordsjøprest og prest ved Norsjø, men presterer no mest i Hjartdal. Ho bruker nærområda i Midt-Telemark aktivt og kan dukke opp ein stad nær deg, i kajakk eller på ski, med fjellsko eller på truger, på kino eller kafe. Kjem frå Nes på Romerike, men har budd i Sauherad sidan 2002. Livsmotto: «Alt går og resten går over».
Har du gått eller jogga Berganrunden? Det er ein av dei mest brukte lufte-hunden-rundane i Gvarv & omegn. Små og store bikkjer, av alle slags raser og blandingar blir lufta her. Eg går og Berganrunden av og til. Det er ei prøve for tolmodet mitt. For då går eg saman med hunden min, Zirka. Og Zirka vil lukte på kvar einaste stein og kvart einaste strå. Det er så mykje interessant å lese i grøfta. Uansett kor kort tid det er sidan sist ho gjekk der, er det like spanande! Det ligg jo alltid att ei helsing frå ein annan hund, så då tek det tid.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp