F
Vaksenlivet
Inkiri Abrahamsson er utdanna skodespelar frå Nordic Black Theatre, og har tidlegare vore programleiar for i radiOrakel og P3. Ho kallar seg sjølv for humoragent og omreisande sirkus i Bø. Ho er brukarrepresentant for BAR, barn av rusmisbrukarar, født på skuggesida men kom seg over til solsida for cirka eit kvarter sidan. Inkiri er òg gruppeleiar i A-larm brukar- og pårørandeorganisasjon. Ho er anonym akademikar og i ferd med å komme ut av skapet som ein frisk-luft-person (ein som likar friluftsliv).
Det er store forventningar til vaksenlivet. Sjølv om det følast som om du fortsatt står i skulegarden med sekk og pennal. Sekken på ryggen har blitt noko tyngre av opplevingar og erfaring. I pennalet er det tomt for fargestiftar.