FAST SPALTIST: Wisse Renssen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavisa i Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
– Pass på så du ikkje hamnar i eit ekkokammer
Wisse Renssen (18) er fast spaltist i Bø blad og elev ved Bø vidaregåande skule. Han er glad i å prate når han er i ungdomsrådet, der han er leiar. Han er òg glad i å snakke andre stadar, eigentleg kvar som helst. Dessutan er han glad i korps. Viss han får snakke.
På sosiale medium er det noko som heiter ekkokammer. Det er ein algoritme som sørgjer for at ein får anbefalt ting som ein allereie likar, om og om igjen. Dette programmet er berykta for si evne til å forsterke meiningane til mediebrukarane, og hindrar dei i å sjå den andre sida av saka. Eg merkar sjølv at eg så å seie berre får opp dei tinga som samsvarar med mine eigne meiningar på sosiale medium, og det er farleg. Sjølv om det eg ser samsvarar med dei politiske meiningane som eg allereie har, veit eg at det er ein farleg situasjon. Viss det eg ser er desinformasjon utan at eg veit det, kan eg hamne i diskusjonar eller samtaler kor eg da argumenterer på bakgrunn av noko som er usant.