FAST SPALTIST: Stanley Jacobsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
FAST SPALTIST: Stanley Jacobsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

Om ein suksess i Midt-Telemark

Stanley Jacobsen er vestlending, sivilagronom, visesongar, viseforfattar, plateartist, pionèr i Telemark og Noreg på entreprenørskap i utdanning. Har budd i Puttland i Bø sidan 1990. Er 71 år og pensjonist.

Publisert Sist oppdatert

For 49 år sidan kom det eit ektepar i midten av 20-åra til det som då heitte Sauherad. Dei hadde møtt kvarandre i hamnebyen Le Havre i Frankrike. Han hadde segla ei stund og hadde til og med vore eitt år i land i Australia. Nå var han andrekokk på ein Bergensbåt som heitte Brunes. Ho kom om bord i Le Havre, påmønstra som messejente. Den unge kokken frå Løten i det som då heitte Hedmark, slo til og inviterte den nye messejenta frå Rognan i Nordland i land på nattklubb. Det må ha vore eit godt trekk, for då dei kom til Sauherad, var dei gifte og hadde gutungar, ein på fire og ein på to år. Dei tok over ein liten kafé som låg ved riksveg 36, midt mellom Ulefoss og Bø. Kaféen hadde berre vore i drift tre-fire år då dei tok over, og den vesle familen flytta inn i kjellarleilegheita i bygget.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS