FAST SPALTIST: Even Skårberg Aarnes er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
– Nå held det!
Even Skårberg Aarnes er fruktbonde og familiemann, med kone og tre små barn. Han er busett på familiegarden på Aarnes, og har tidlegare vore journalist i NRK og jobba i Senterpartiet. Han er samfunnsengasjert, sportsinteressert og glad i skog og folk.
«Nå holder det!» sa presten i Sauherad kyrkje under gudstenesta pinsedagen. Ho var ikkje streng, altså. Det var ikkje tilsnakk for bråk eller urytmisk salmesong. Det var rett og slett ei tilvising til alle fridagane me har lagt bak oss i mai. Og ho har eit godt poeng. Når det nærmast blir tre fredagar, to laurdagar og to sundagar i same veka, da skjer det noko med rytmen. Som art er jo me menneske vanedyr, og brot på rutinene er ikkje nødvendigvis så enkle å handtere.