SIDESPRANG: Turid Sveinsson er fast spaltist i Bø blad.
Hilde Eika Nesje
– Me får satse på at folk igjen blir vant til å køyre på vinterføre
Turid Sveinsson flytta den lange vegen frå Seljord te Bø i 1999. Ho held til i Puttland, og arbeider med det ho er utdanna som: hjelpepleiar/helsefagarbeidar. Ho er òg aktivitetskontakt og nøgd med val av yrke, for ho er glad i å jobbe med og rundt menneske. Turid er tilhengar av å bruke dei flotte turmulegheitene me har. Frå april til oktober er ho helst oppå Lifjell, eller ei anna høgde rundt forbi. Ei artig historie blir sett pris på, og ein god latter stend høgt i kurs . Ho er glad i song og musikk, og ein bra film er heller ikkje å forakte ein ledig kveld.
Eg vakna på min fødselsdag til sno. Ei gåve eg sette minst pris på den dagen. Eg er verken glad i å fryse, måke sno eller skrape is. På ski er eg like stødig som eit tusenbein på rulleski, men vêr hjelper det lite å irritere seg over. Det blir som det blir uansett, og om ein ikkje hadde hatt vêr i det heile hadde ein vore i «hardt vêr» for å seie det slik.