MEINER OM BIBLIOTEK: Halvor Langåsdalen har ikkje tru på flytting av biblioteket nå.
Privat
– Fubellføre kan for så vidt vera til å leve med
Halvor Langåsdalen er pensjonert ektefødt og evigverande Hjartdøl. Utvikla seg via realskule og gymnas i Bø, studie i Oslo. Kom til Gvarv som lege i 1976. Vore allmennpraktikar, distriktslegevikar, tilsynslege for helsestasjon, skule, sjukeheim og rekonvalesentheim, rådgjevande lege for Trygdeetaten/NAV i «halve Telemark», utvikla Landbrukets HMS-teneste, for heile landet, som fagsjef helse i fleire år, siste 25 åra bedriftslege/dagleg leiar i bedriftshelsetenesta SAMT i Midt-Telemark. Nyt no tilværet som pensjonist, gjer ikkje meir enn eg må og kosar meg med familien som bestefar! For å halde meg mentalt vaken, er eg, med stor glede, medlem og leiar av av Eldrerådet i kommunen.
Med tanke på kva eg skulle skrive om i Bø blad, har eg ei tid no filosofera over ordet «føre». Det vart ei lang reise med rikt innhald etter kvart, som eg kanskje kjem attende til, men i dag vart det styrt, som så ofte for oss pliktfrie pensjonistar, av veret.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp