FAST SPALTIST: Stanley Jacobsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
Privat
– Eg forstår ikkje kvifor folk er sint på bønder
Stanley Jacobsen er vestlending, sivilagronom, visesongar, viseforfattar, plateartist, pionèr i Telemark og Noreg på entreprenørskap i utdanning. Har budd i Puttland i Bø sidan 1990. Er 71 år og pensjonist.
Sesongen 2021 er stort sett avslutta. Sauene er sanka. Høyet er i hus. Rundballane pakka. Kornet levert. Moreller, eple, pærer, plommer, poteter, kålrot, mais og anna grøde er tatt hand om. 2021 var eit grøderikt år. Slik er det ikkje alltid. Når ein sår, veit ein ikkje kva ein får når ein skal hausta. Slik er det, og slik har det vore i alle tider å vera bonde. Det veit eg m.a. fordi er er oppvaksen på ein liten gard i Sunnhordland, der eg køyrde traktor frå eg var 10 år, lærte handmjølking av mor mi og maskinmjølking av far min. Der eg lærte å hesja både for hand og med høygaffel, og kva som skal til for å få godt silofór. Det var mykje arbeid, men eit godt liv.