FAST SPALTIST I BØ BLAD: Bjørn Arve Skjeslien frå Akkerhaugen.
Hilde Eika Nesje
– Da verda kom til Bø
Bjørn Arve Skjeslien er akkerhauging, lokalpatriot, promotør, manager, bassist og dugnadsarbeidar i Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS). Periodevis låtskrivar med eit album på samvitet, og eit som han jobbar med å få ferdig. Likar seg godt i båt og planlegg å reisa frå Akkerhaugen til Europas indre med snekka si. Heim nummer to etter Akkerhaugen er på Madeira der han budde i to år.
Nyleg kunne me lesa i Bø blad at verda kjem til Bø. Her i Saude tenkte me vel at dette skjedde for nokre år sidan, då kommunesamanslåing vart ein realitet. Ikkje berre kunne bøheringane endeleg få eigarforhold kring vassvegen til verda saman med Saude, gamle Holla, Nesherad og Grenland, dei fekk au det eigarforholdet dei alltid har ønskt seg til Myllargyten og Lars Fykerud.