FAST SPALTIST: Kjell Bitustøyl er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
Bø litteraturhus med samling rundt leirbålet
Kjell Bitustøyl er skribent, fagbokforfattar og fotograf. Oppvaksen i Rauland, busett i Bø sidan 1990. Har skifta yrke fleire gonger og fann vel eigentleg aldri heilt ut kva han ville bli. Men kultur og musikkformidling har vore ein raud tråd ved sida av naturopplevingar der fjell, reinsdyr og fuglar er favorittane. Det heile godt oppblanda med sosialt instinkt.
Bø litteraturhus (snart Bø bok og papir) har fanga tidsånda. Her opplever du det beste i spenningsfeltet mellom det urbane og det bygdenorske, heimstaddikt og utkantpoesi, nasjonale og internasjonale straumar. Røter tilbake til tida då ein møttest i landsbyen rundt leirbålet, som i Brødrene Løvehjerte. Ein møteplass for å snakke saman, diskutere, le og ta inn over seg djupt alvor. Få med seg sams opplevingar av kunst – skrivekunst, teater og musikk. Eit litteraturhus er eit innebygd leirbål, eit bål med tak over, ein litterær lavvo der bøkene er det det heile dreiar seg rundt.