Fast spaltist i Bø blad, Berit Bjørnerud.
Åge Bjørnerud
– Å vere takksam handlar om å ha eit fokus på det som er bra
Berit Bjørnerud har vore både nordsjøprest og prest ved Norsjø, men presterer no mest i Hjartdal. Ho bruker nærområda i Midt-Telemark aktivt og kan dukke opp ein stad nær deg, i kajakk eller på ski, med fjellsko eller på truger, på kino eller kafe. Kjem frå Nes på Romerike, men har budd i Sauherad sidan 2002. Livsmotto: «Alt går og resten går over».
Nokon sutter på ein smokk. Somme sutter på eit drops. Eg sutter på ord. Eit ord om gongen. Nokre ord varer lenge, og kan liggje der i munnhola mi i mange dagar. Andre forsvinn berre etter ei lita stund. Andre spyttar eg ut så fort eg kan. Nokre ord smakar søtt eller sprøtt. Nokre ord gjer meg glad, andre gjer meg sint. Eg går aldri tom for ord. Det finst alltid eit ord som eg kan sutte på. Nokre ord må eg smake på fleire gongar. «Mmmm, korleis smakar du i dag, tru?»
Ut året digital
for 250,-
Deretter 159,- per månad.
Inga binding.
Kjøp