Quiz:

Viktige spørsmål om fred og fridom
Adolf Hitler tok sjølvmord 30. april 1945, og natta mellom 6. og 7. mai kapitulerte Tyskland. Den 8. mai 1945 vart det erklært fred i Noreg, og det har nå vore fred i 80 år. Kva kan du om krigen og fredsfesten?
1. Kor lenge var Noreg okkupert av tyskarane?
2. Kven blei statsminister i den nye samlingsregjeringa 22. juni 1945?
3. Kva for eit parti representerte han?
4. Kor lenge var han statsminister?
5. Kva var kallenamnet hans?
6. Det er ikkje bare frigjeringsdagen som blir markert 8. mai. Nemn tre andre?
7. Vidkun Quisling var ministerpresident i Noreg under krigen. Kva blei han dømt til da freden kom?
8. Kor mange gonger blei Kirkenes bomba under krigen?
9. Kva var Operasjon Muskedunder?
10. Kven var konge under krigen?
11. Kva var Milorg?
12. Kor mange var med i Milorg i 1945?
13. Kva var dei mest kjente motstandssymbola?
14. Kva heitte den tyske fangeleiren som låg ved Levanger?
15. En svensk marsj frå 1940, som i ein revy fekk norsk tekst, blei ein av dei mest populære songane i Norge i mai 1945. Kva for ein?
1) I fem år, frå 9. april 1940 til 8. mai 1945 2) Einar Gerhardsen 3) Det norske Arbeiderparti 4) I tre periodar, frå 1945 til 1951 5) Landsfaderen 6) Nasjonal veterandag, FN sin minnedag for dei som miste livet under andre verdskrig og Røde Kors-dagen 7) Døden 8) 328 (Oslo blei bomba to gonger) 9) Ein sabotasjeaksjon i Glomfjord for å hindre produksjon av aluminium til tyske fly 10) Kong Håkon VII 11) Den militære motstandsorganisasjonen i Noreg 12) Cirka 40 000 personar 13) Binders, kam, nisselue, Kongens symbol og det norske flagget 14) Falstad leir 15) Norge i rødt, hvitt og blått