Quiz:

Test deg sjølv: Ville du stått på statsborgarprøva?
I denne vekas quiz kan du bryne deg på spørsmål som kan bli stilt på statsborgarprøva, som utanlandske statsborgarar må stå på for å søkje om norsk statsborgarskap. I den verkelege prøva er det tre svarmulegheiter, men kanskje du veit svara utan dei?
1. Kven er det som bestemmer kva elevane skal lære i dei offentlege skulane i Noreg?
2. Kor mange prosent av studentane i Noreg i dag er kvinner?
3. Er omskjering av jenter lov i Noreg?
4. Kva er dugnad?
5. Kor mange prosent av par som bur saman i Noreg, er gifte?
6. Kven får automatisk foreldreansvaret dersom ein får barn utan å vere gift?
7. Kvar i Noreg regnar det mest?
8. Kva heiter den lengste elva i Noreg?
9. Kva vil det seie at Noreg er eit sekulært samfunn?
10. Kva betyr rettssikkerheit?
11. Kvifor har Noreg delt makta mellom tre uavhengige myndigheiter (maktfordelingsprinsippet)?
12. Kva er allemannsretten?
13. Når fekk Noreg eiga grunnlov?
14. I kva for eit år blei vikingen Harald Hårfagre konge over heile Noreg?
15. Når fekk norske kvinner stemmerett?
SVAR:
1) Stortinget 2) 60 prosent 3) Nei 4) Frivillig arbeid utan lønn 5) Cirka 70 prosent 6) Mora og faren 7) På Vestlandet 8) Glomma 9) At religion ikkje pregar samfunnet i stor grad 10) At ingen skal i fengsel utan rettssak først 11) For at ingen av myndigheitene skal få for stor makt åleine 12) Retten til fri bruk av naturen 13) 17. mai 1814 14) I år 872 15) I 1913